Nobelprisen i litteratur

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nobelprisen i litteratur er ein litteraturpris som blir delt ut årleg til éin forfattar som har stått for eit eineståande forfattarskap.

Prisen blir tildelt av ein femmannskomité frå Svenska Akademien, eit råd av respekterte svenske språkfolk som sit på livstid. Dei fleste medlemmene i akademiet er menn, dei fleste over 70 år, og detter har òg prega komitéen, slik at valet deira av vinnarar kan vera noko konservativt.

Remove ads

Kritikk

Sidan tildelinga tok til i 1901 har dei fleste prisvinnarane vore europeiske mannlege forfattarar. I dei første åra er dette lett å forstå; det var stort sett berre desse som skreiv og gav ut bøker innan den litteraturtradisjonen komitéen vurderte. Men den same skeivdelinga fortsette også etter at slik litteratur skriven av kvinner og ikkje-europearar blei tilgjengeleg.


Kvinnene som har fått nobelprisen frå 1901 til no er Selma Lagerlöf, Grazia Deledda, Sigrid Undset, Pearl S. Buck, Gabriela Mistral, Nelly Sachs, Nadine Gordimer, Toni Morrison, Wislawa Szymborska, Elfriede Jelinek, Doris Lessing, Herta Müller og Olga Tokarczuk. Resten er menn.

Den første afrikanaren, Wole Soyinka, fekk prisen i 1986, medan den første svarte kvinna som fekk han var Toni Morrison i 1993. På den andre sida gjekk prisen til ei kvinne, Selma Lagerlöf, allereie i 1909, og den første ikkje-europearen, indiske Rabindranath Tagore, i 1913. Ein har prøvd å retta på ulikskapen i dei seinare åra, men hundre års tradisjon kan vera vanskeleg å venda.

Nobelprisen i litteratur er òg blitt kritisert for ikkje å ha plukka ut forfattarar som seinare er blitt rekna som særs viktige innan verdslitteraturen, til dømes Anna Akhmatova, Jorge Amado, Jorge Luis Borges, Bertolt Brecht, Anton Tsjekhov, Joseph Conrad, Robert Frost, Graham Greene, Aldous Huxley, Henrik Ibsen, James Joyce, Franz Kafka, D.H. Lawrence, William Somerset Maugham, Alberto Moravia, Robert Musil, Vladimir Nabokov, George Orwell, Fernando Pessoa, Ezra Pound, Marcel Proust, J.D. Salinger, Leo Tolstoj, Marina Tsvetajeva, Mark Twain, Tennessee Williams og Virginia Woolf.

Remove ads

Vinnarar av Nobelprisen i litteratur

1900-åra

1910-åra

1920-åra

1930-åra

1940-åra

1950-åra

1960-åra

1970-åra

1980-åra

1990-åra

2000-åra

2010-åra

2020-åra

Meir informasjon År, Namn ...
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads