Haugianarar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Haugianarar
Remove ads

Haugianarane er ei nemning på dei som var med i rørsla starta av den kristne lekpredikanten Hans Nielsen Hauge (17711824). Hauge reiste kringom i store delar av sør-Noreg. Hauge reiste som mest i tida frå 1797 til 1804, og heldt religiøse møter på gardar. Religiøs møteverksemd utan godkjenning av soknepresten var ikkje lovleg i høve konventikkelplakaten. Difor vart Hauge ofte sett i fengsel. Hauge preika ei lære prega av pietisme, men la vekt på å tena Gud i praktisk arbeid. Haugianarane vart kjend for å driva med handel og å starta ymse typar industriverksemd. Slik verksemd kunne dreia seg om møller, og å driva utvinning av salt.

Thumb
Hans Nielsen Hauge

Etter at Hauge døydde, heldt rørsla fram. Haugianarane er rekna som starten på lekmannsrørsla innan den norske kyrkja. Haugianarane kjempa for at konventikkelplakaten skulle opphevast, men det skjedde ikkje før den 27. juli 1842. Haugianarane tok etter kvart i bruk bedehus til møter i staden for privatheimar. I 1842 vart Det Norske Misjonsselskap stifta.

Thumb
Adolph Tidemand sitt måleri Haugianerne
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads