Haugianerne
maåeri av Adolph Tidemand (Nasjonalmuseet, NG.M.04419) From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Haugianerne er eit måleri av Adolph Tidemand som framstiller ei gruppe haugianarar som lytter til ein lekpredikant i ei stove.
Tidemand arbeidde med motivet frå 1845 til 1852, og det finst fleire versjoner av bildet. Ein teikning er datert 1845,[1] og måleriet er kjent i versjonar datert 1848, 1852 og 1865.[2] Nasjonalgalleriet eig eit av dei, Mandal museum, har stilt ut bildet frå 1865, medan Düsseldorfs kunstmuseum museum Kunst Palast har eit anna som dei fekk tak i som del av sin kontakt med elevane ved Kunstakademie Düsseldorf. Tidemand var elev ved akademiet då han måla bildet.

Kjelde:
Nasjonalbiblioteket
Bildet framstiller ei gruppe folk, til dels i norske folkedraktar, som er samla inne i ei årestove eller røykomnstove. Dei er opplyste av lys frå ein ljore. Ut frå tittelen forstår ein at den ståande mannen midt i bildet er ein lekpredikant knytt til haugianarrørsla, som var ei norsk kristen vekkingsrørsle tidleg på 1800-talet. I bildet vidareførar Tidemand ein sjanger som nyttar den strenge bildebygginga ein finn i tradisjonelt historiemåleri, på motiv henta frå folkelivet.[3]
Ein rekner med at mange av personane er måla etter tyske modellar; ein målarkollega frå Düsseldorf stod modell for predikanten.[3] Mannen i kubbestolen er Baard Olavson Mo frå Kvam i Hardanger som var ven av Tidemand og ein truande Haugianer. Tidemand måla også eit separat bilde av han, Sittende bonde.[4]
Remove ads
Galleri
- Versjon datert 1848 (122,5 x 98,5 cm)Foto: Nasjonalgalleriet/Google Art Project
- Versjon datert 1852 (183 x 147 cm)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads