Hauk Buen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hauk Buen (11. mai 1933–1. mars 2021) [1][2][3] var ein norsk spelemann på hardingfele. Han var òg hardingfelemaker.
Remove ads
Liv
Hauk Buen blei fødd 11. mai 1933 på garden Buen i Jondalen,[4] då del av Gransherad, no Kongsberg, som son av spelemannen Anders A. Buen og kvedaren Margit Buen, fødd Tjønn. Morfaren hans Hans Johnsen Tjønn dreiv teoretisk forsking på folkemusikk. Onkelen John H. Tjønn var ein kjend felemakar, og tanta Bergit Tjønn vart ein kjend hardingfelespelar som Hauk gjekk i lære hjå. Hauk lærte òg folkemusikk av foreldra, og gjorde lydopptak av kjende spelemenn i samtida. Han lærte mykje av Olav Løndal og Svein Løndal.[5] Hauk Buen var bror av folkemusikarane Knut Buen[1] og Agnes Buen Garnås[6] og bilethoggaren Kari Buen. Buen-familien er blant dei leiande tradisjonsberarane i norsk folkemusikk.[7] Hauk var gift med folkedansaren Tone Nisi.[5]
Hauk Buen døydde 1. mars 2021 og blei gravlagd frå Kongsberg kyrkje med blant anna Hallvard T. Bjørgum, Sigmund Groven og Kåre Nordstoga til stades.[4][8][2][1]
Remove ads
Virke
Hauk Buen vidareførte tradisjonen etter faren Anders A. Buen, eldre spelemenn frå Aust-Telemark, Myllarguten, Lars Fykerud, Håvard Gibøen og Knut Dale. Han vann B-klassen på Landskappleiken i 1953 og gjekk opp i A-klassen.[4] Han vann Landskappleiken fleire gonger (blant anna Odda 1962 og Notodden 1963), og vann lokale kappleikar mange gonger. Buen mottok Myllarguttens gullmedalje i 1973.
NRK fjernsynet laga eit portrettprogram om han i 1983.[5]
Etter ein konsert i Queen Elizabeth Hall i London i 1984 skreiv Matt Glaser ved Berklee College of Music:
«Hauk Buen er ein meister. Eg har aldri høyrt nokon spele med slik djupn. Hans fraseringer er utruleg vakre. Når du høyrer musikken så vakkert spela, så bryt den alle grenser.»[5]
Buen budde på farsgarden i Jondalen. Saman med broren Knut gjorde han ei rekkje dokumentasjonsinspelingar av tradisjonsmaterialet sitt. For albumet Fykerud'n fekk brørne Spellemannprisen 1992 i klassen folkemusikk/gammaldans.[9]
Han blei æresmedlem av Landslaget for Spelmenn (LFS) i 1991. Han var òg æresmedlem i Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) og FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans. I 2003 mottok han Kongens fortenestemedalje i gull.[10]
I 2022 blei biografien Men så kom Hauk Buen gjeven ut, skriven av Hallgrim Berg. Saman med boka følgde eit dobbeltalbum med 61 av innspelingar av Buen plukkea ut av Per Anders Buen Garnås.[11] Utgjevinga blei tildelt Folkelarmprisen 2023 i klassen dokumentasjon.[12]
Annbjørg Lien gjekk i lære hjå Buen på 1990-talet.[13]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
