Hautes-Pyrénées

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Hautes-Pyrénées
Remove ads

Hautes-Pyrénées (oksitansk Nauts Pirenèus / Hauts Pirenèus) er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées.

Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Remove ads

Historie

Departementet var tidlegare ein del av Bigorre, eit grevskap som til tider var sjølvstendig, men seinare ein del av den franske provinsen Gascogne. Store delar av området vart halde av engelskmennene etter traktaten i Brétigny i 1360. På 1500-talet var det ein del av hugenottområdet til monarkane av Navarre, som Henrik IV førte til Frankrike.

Geografi

Hautes-Pyrénées er eit fjellkledd jordbrukslandskap med landsbyar, gardar, sletter, seterjorder og svingande fjellvegar. Departementet ligg på grensa til Spania, og grensar òg til dei franske departementa Haute-Garonne, Gers og Pyrénées-Atlantiques. Hautes-Pyrénées ligg sentrert rundt fjellet Mont Perdu.

Lourdes

For meir om dette emnet, sjå Lourdes.

Ein av dei mest vidkjende byane i departementet er Lourdes. Heilagdomen Vår frue av Lourdes har utvikla seg til ein stor turistattrasksjon. I dag har Lourdes om lag 17 000 innbyggjarar, men tar imot 5 millionar pilegrimar og turistar kvart år. Lourdes har nest flest hotell i Frankrike etter Paris, om lag 270 stykk.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hautes-Pyrénées


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads