Pyrénées-Atlantiques

franske departement From Wikipedia, the free encyclopedia

Pyrénées-Atlantiques
Remove ads

Pyrénées-Atlantiques (oksitansk Pirenèus-Atlantics; baskisk Pirinio-Atlantiarrak eller Pirinio-Atlantikoak) er eit departement sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine-Limousin-Poitou-Charentes og har teke namn frå Pyreneane og Atlanterhavet.

Meir informasjon Administrasjon, Statistikk ...
Remove ads

Historie

Basses-Pyrénées var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsane Guyenne, Béarn og Gascogne og inkluderte dei tre historiske provinsane nord i Baskarland: Labourd, Soule og Basse-Navarre.

10. oktober 1969 vart Basses-Pyrénées gjeve namnet Pyrénées-Atlantiques.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grensar til departementa Landes, Hautes-Pyrénées og Gers, i tillegg til Atlanterhavet og Spania.

Dei største byen er Pau, Biarritz, Bayonne, Anglet og St-Jean-de-Luz.

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Bas-Pyrénéens etter det gamle namnet på departementet.

Kultur

Delar av departementet som var del av Guyenne og Béarn har ein kultur som er kraftig påverka av baskarar.

Både gaskognsk og baskisk språk vert nytta i området. Gaskognsk er ein variant av oksitansk, som ligg nærare katalansk enn fransk. Baskisk er eit isolert språk.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pyrénées-Atlantiques


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads