Haydnfjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Haydnfjorden er ein isdekt fjord på vestkysten av Aleksanderøya i Antarktis, som ligg mellom Mozart forlandsbre og Handel forlandsbre. Schubertfjorden ligg i sør og Lassus Mountains like nord. Haydnfjorden er 50 km lang og 22 km brei ved munningen, men er smalare ved botnen. Han vart oppdaga frå lufta og grovt kartlagd av U.S. Antarctic Service, 1939-41. Han vart observert på ny frå lufta og fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947-48, og kartlagd på ny frå desse bileta av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Fjorden vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter den austerrikske komponisten Joseph Haydn.[1]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads