Hearts and Bones

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hearts and Bones er det sjette soloalbumet til Paul Simon og kom ut i 1983.

Meir informasjon Kritikk, Paul Simon-kronologi ...

Albumet var opphavleg meint som eit gjenforeiningsalbum for Simon & Garfunkel kalla Think Too Much, etter konserten deira i Central Park i 1981 og den påfølgjande verdsturneen i 1982-1983.[1] Faktisk vart nokre av songane som var meint for Think Too Much spelt på turneen. Det var derimot mykje usemje mellom Simon og Art Garfunkel under innspelinga. Garfunkel var ikkje komfortable med dei personlege tekstane til Simon, og Simon ville visst nok ikkje ha vokalen til Garfunkel på songane. Dette førte til at dei gav seg med heile prosjektet, Simon fjerna vokalen til Garfunkel frå songane og arbeidde vidare med det som eit soloalbum.

Songen «The Late Great Johnny Ace» er ei hyllest frå Simon til John Lennon, som vart drepen kort tid før Simon skreiv songen. Musikken i slutten av denne songen, med strykarar, klarinett og fløyte, var skriven av komponisten Philip Glass.

I 1983 vart albumet rekna som mislukka og eit lågpunkt i karrieren til Simon. Albumet har kome i litt betre lys i nyare år og vert i dag rekna som eit solid album. Albumet nådde berre 35. plass i USA, men gjekk heilt til tredjeplass i Noreg.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Paul Simon - gitar, programmering, vokal
  • Rob Mounsey - synthesizer, vocoder
  • The Harptones - korvokal
  • Bernard Edwards - bass
  • Nile Rodgers - gitar, programmering
  • Airto Moreira - perkusjon
  • Marin Alsop - fiolin
  • Michael Boddicker - synthesizer
  • Wells Christy - synthesizer, synclavier
  • Tom Coppola - synthesizer, synclavier
  • Al di Meola - gitar
  • Gordon Edwards - bass
  • Steve Ferrone - trommer
  • Steve Gadd - trommer
  • Eric Gale - gitar
  • Anthony Jackson - kontrabassgitar
  • Jill Jaffe - bratsj
  • Jesse Levy - cello
  • Michael Mainieri, Jr. - marimba, vibrafon, korvokal
  • George Marge - bassklarinett
  • Sid McGinnis - gitar
  • Marcus Miller - bass
  • David Nichtern - synclavier
  • Jeff Porcaro - trommer
  • Dean Parks - gitar
  • Greg Phillinganes - piano, Fender Rhodes
  • Michael Riesman - synthesizer, dirigent
  • Mark Rivera - altosaksofon
  • Robert Sabino - synthesizer, piano
  • Richard Tee - synthesizer, piano, Fender Rhodes, vokal
  • Carol Wincenc - fløyte
  • Frederick Zlotkin - cello
  • Peter Gordon - valthorn
  • Dave Matthews - hornarrangement
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads