Hebe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hebe (gresk Ἥβη, Hēbē) var ungdomsgudinna i gresk mytologi. Ho var dotter av Zevs og Hera,[1] og blei gift med halvguden Herakles. Hebe var munnskjenk for gudane på Olympos.
Hebe serverte gudane nektar til å drikka og ambrosia til å eta, heilt til ho blei gift med Herakles. Etterfølgjaren hennar var den unge trojanske prinsen Ganymedes. Ho fylte også badet for Ares[2] og hjelpte Hera opp i vogna si.[3]
I Evripides sitt skodespel Heraklidene ('Barna til Herakles') innvilga Hebe ønsket til Iolaos om å bli ung igjen for å kunna kjempa mot Eurysthevs, han som påla Herakles oppgåva med dei tolv storverka. Hebe fekk to barn med Herakles: Alexiares og Aniketos, som var evig unge.[4]
Namnet «Hebe» kjem frå det greske ordet for «ung» eller «livets glans(tid)». Den romerske gudinna som tilsvara henne var Juventas.[5] Også latinske «Juventas» betyr 'ung', og går att i det engelske ordet juvenile, «ungdom», eller juvenil, som er noko brukt på norsk.
I kunsten er Hebe vanlegvis avbilda i lang kjole uten ermer. Ho blei også dyrka som ei gudinne for tilgjeving. Frigjevne fangar kunne henga lenkjene sine i heilage lundar i heilagdommen hennar på Flius på Peloponnes.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads