Hecates Tholus

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hecates Tholus
Remove ads

Hecates Tholus er ein vulkanMars. Resultat frå Mars Express-sonden indikerer at vulkanen hadde eit større utbrot for 350 millionar år sidan. Utbrotet laga ein kaldera 10 km i diameter. Det har blitt føreslege at isbreavsetjingar seinare delvis fylte opp kalderaen og ei anna nedsenking nær ved. Kraterteljingar indikerer at dette hende so nyleg som 5 til 20 millionar år sidan. Klimamodeller viser at is i dag ikkje er stabil på Hecates Tholus, slik at klimaet må vore annleis på Mars før sidan isbreane var aktive. Det har blitt vist at alderen til isbreane passar med ein periode med auka aksehelling av Mars sin rotasjonsakse. [1]

Kjappe fakta Ligg i/på, Koordinatar ...
Thumb
Hecates Tholus ligg øvst på biletet. Til høgre for toppen heng det kvite skyer. Elysium Mons er den midtre vulkanen på biletet, og nede til høgre ligg Albor Tholus.

Vulkanen ligg på 32,1°N 150,2°E på Elysium Planitia og har ein diameter på 183,0 km. Han er den nordlegaste av dei tre Elysium-vulknana; sør for han ligg dei to andre, Elysium Mons og Albor Tholus.

I planetologi er eit tholus eit lite kuppelforma fjell eller ein liten ås.

Remove ads

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads