Hedvig av Polen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hedvig av Polen ( 18. februar 1374–17. juli 1399), polsk Jadwiga, var den fyrste regjerande dronninga av Polen og regent frå 1384 til 1399. Ho blei kanonisert som helgen den 8. juni 1997 av pave Johannes Paul II, og blir rekna som skytshelgen for dronningar og det sameina Europa. Jadwiga skal visstnok ha vore ein blond, blåaugd, høg og elegant venleik.
Ho er kjend som Hedwig på tysk, Jadvyga på litauisk, Hedvig på ungarsk og Hedvigis på latin.
Hedvig var fødd i Buda, hovudstaden i Kongeriket Ungarn.[1] Ho var den tredje og yngste dottera til Ludvig I, konge av Ungarn og Polen, og den andre kona hans, Elisabet av Bosnia.[2][3] Begge bestemødrene hennar var polske prinsesser, slik at ho var knytt til det polske Piast-dynastiet.
Hedvig blei krona ti år gammal i 1384 på vilkår om at unionen med Ungarn blei oppløyst På polsk blei ho omtalt som konge (Król Jadwiga), ikkje som dronning, for å markera at ho regjerte i eigen rett og ikkje som kona til ein konge. I 1386 gifta ho seg likevel med den litauiske storfyrsten Jogaila, som blei polsk konge som Vladislav II Jagello. Slik blei det skapt ein langvarig union mellom Polen og Litauen (1386–1795).
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads