Heidi Larssen

norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Heidi Larssen (fødd 8. november 1951) er ein byråkrat og politikar frå Oslo. Ho representerte 2001-05 Oslo og partiet Høgre i Stortinget.

Kjappe fakta Fødd, Statsborgar av ...

Larssen voks for ein stor del opp i Hammerfest. Etter eksamen frå gymnaset i 1971 flytta ho til Oslo, og tok juridisk embetseksamen i 1979. Forbigåande jobba ho i Rikstrygdeverket og Trygderetten. 1981-87 var ho sekretær for stortingsgruppa til partiet Høgre, bortsett frå eit lite år som personleg sekretær for statsråd Wenche Frogn Sellæg. Perioden 1987 til 1997 var Larssen, med eit avbrot som personleg sekretær for statsråd Petter Thomassen, avdelingssjef hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus. 1997-2001 var Larssen medlem i Oslo bystyre, dei fyrste to åra som byråd og deretter to år som leiar av finanskomiteen i kommunen. Stortingsperioden 2001-05 var ho stortingsrepresentant for Oslo og Høgre, og var då medlem i Finanskomitéen. Tingperioden 2005–09 var ho fyrste vararepresentant frå Oslo. Til sist var ho bydelsdirektør i Bydel Grünerløkka i Oslo frå 2006 til 2016.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads