Hein Vergeer

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hein Vergeer
Remove ads

Henricus Coenradus Nicolaas Vergeer (fødd 2. mai 1961), kjend som Hein Vergeer, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Reeuwijk. Han vart både europameister og verdsmeister i firkamp åra 1985 og 1986.

Kjappe fakta

Vergeer vann i 1984 den nederlandske sprintmeisterskapen på skeiser. Sesongen etter forsvarte han den nasjonale sprinttittelen, og vart nummer to i den nederlandske meisterskapen i firkamp, slått av Hilbert van der Duim. I dei internasjonale meisterskapane, EM i Eskilstuna og VM på Hamar, viste derimot Vergeer seg å vere bestemann og triumferte begge stadene med god margin til sølvvinnarane.

Vergeer forsvarte i 1986-sesongen både EM- og VM-tittelen. Under verdsmeisterskapen i Inzell var han rett nok hardt pressa av sin sterkaste rival frå VM 1985, Oleg Bozjev frå Sovjetunionen. I same sesongen vart han nasjonal meister i firkamp, ein meistertittel han forsvarte vinteren 1987. Vergeer vart tredjemann under skeise-EM 1987 i Trondheim.

Veerger la opp etter 1988-sesongen.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads