Heinrich Wilhelm Olbers
tysk astronom og fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Heinrich Wilhelm Matthias Olbers (11. oktober 1758–2. mars 1840) var ein tysk lege og astronom. Han vart fødd og døydde i Arbergen i Bremen.
Olbers dreiv legepraksis i Bremen frå 1782, men brukte mesteparten av tida si til astronomi. Han bygde eitt av dei best utrusta observatoria på si tid, og utarbeidde ein ny metode for baneutrekning av himmellekamar. Han oppdaga seks kometar og to asteroidar. Den første såg han 28. mars 1802, og gav han namnet Pallas. Den andre oppdaga han den 29. mars 1807, og gav Carl Friedrich Gauss æra av å namngje denne - Vesta.
6. mars 1815 oppdaga Olbers så ein periodisk komet som har fått namn etter han. Det formelle namnet til denne er 13P/Olbers.
Remove ads
Oppkallingar
- 13P/Olbers er ein periodisk komet.
- Asteroiden 1002 Olbersia.
- Krateret Olbers på månen.
- Olbers, eit mørkt område på overflata av Vesta med ein diameter på 200 km.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads