Helga Fretheim
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Helga Fretheim (4. april 1875–1. september 1954) var ein norsk forfattar.[1]
Remove ads
Familie
Helga Fretheim var dotter av overrettsassessoren Hans Peter Krag Ellefsen og Fredrikke Charlotte Høgjer. Ho vart gift 29. oktober 1901 med soknepresten, læraren og Venstre-politikaren Thorstein Fretheim[2] (1867-1927). Ekteskapet var barnlaust.
Liv og virke
Helga Fretheim vart uteksaminert frå Kristiania Handelsgymnasium i 1894, før ho ein periode var tilsett hos entreprenørfirmaet Høgjer-Ellefsen, eit selskap som vart grunnlagt av bror hennar Sigurd.[3]
Helga Fretheim skreiv i fleire år litterære småstykke under psevdonymet Lillemor Prestefrue.[4] Etter at ektemannen døydde i 1927 gav ho ut bøker der ho brukte røynslene frå livet som prestefrue på landsbygda. Ho debuterte i 1928 med Dalen bakom fjellet, der fleire av forteljingane av Lillemor Prestefrue er med. Historiene er inspirerte av Engerdal, der ektemannen var prest i perioden 1903-1909.[5]
Saman med Julie Enger stiftet Helga Fretheim i 1915 barnesamskipnaden Maigull på Årnes.[6]
Remove ads
Bibliografi
- 1928: Dalen bakom fjellet, Lutherstiftelsen
- 1930: Simen postmann – og andre fortellinger, Lutherstiftelsen
- 1934: Fra prestegård og lave stuer, Lutherstiftelsen
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads