Helga Seidler

From Wikipedia, the free encyclopedia

Helga Seidler
Remove ads

Helga Seidler (fødd Helga Fischer, 5. august 1949) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Oberneuschönberg i Sachsen. Ho vann to EM-gull i 1971 og vart olympisk meister i 1972 for Aust-Tyskland på 4x400 m stafett.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Seidler vart i 1971 suveren europameister på 400 m under friidretts-EM i Helsingfors. Tida 52,14 sekundar var ei lita forbetring av hennar eigen seks veker gamle nasjonale rekord på distansen. Ho sprang så tredjeetappen for Aust-Tyskland då laget vann 4x400 m stafett på avslutningsdagen i meisterskapen.

Under sommar-OL 1972 i München vart Seidler nummer fire på 400 m, landsmannen Monika Zehrt vann OL-gullet. Dei to sprang dei to siste etappane for det austtyske laget som seinare i olympiaden sette ny verdsrekord med tida 3.22,9 og vann ein overbevisande siger framom USA.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads