Helge
mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Helge er eit mannsnamn som kjem av det norrøne namnet Helgi, som igjen har opphav i ordet heilagr med tydinga ‘heilag’. I før-kristen tid var tydinga ‘heldig’ eller ‘sunn’, noko som kan vera knytt til det gammalhøgtyske ordet heil. Kvinnenamna Hege og Helga har same opphav.
Helge har namnedag 30. september i Noreg og Sverige.
Utbreiing
«Helge» er eit vanleg namn i Noreg og Sverige, og «Helgi» er vanleg på Island.
Tabellen nedanfor gjev eit detaljert oversyn over populariteten til fornamnet Helge i nokre av dei det finst tilgjengeleg statistikk for.
I Noreg var Helge eit vanleg namn på 1700-talet. Det var også mellom dei mest populære namna på gutar fødde i perioden frå om lag 1940 til 1955.
![]() |
Historisk utvikling av populariteten til namnet Helge i Noreg.[5][6] |
Kjente personar med namnet
Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.
- Helge Løvland (1890-1984), norsk tikjempar
- Helge Rosvænge (1897–1972), dansk operasongar
- Helge Ingstad (1899–2001), norsk oppdagar
- Helge Sivertsen (1913-1986), norsk politikar og idrettsmann
- Helge Seip (1919-2004), norsk politikar
- Helge Jordal (f. 1946), norsk skodespelar
- Helge Schneider (f. 1955), tysk komikar
- Ingar Helge Gimle (f. 1956), norsk skodespelar
- Helge Lund (f. 1962), norsk forretningsmann og konsernsjef i Statoil
- Helge Sunde (f. 1951), norsk pressefotograf
- Helge Bjørnstad (f. 1971), norsk idrettsmann
- Helgi Sigurdsson (f. 1974), islandsk fotballspelar
- Helge Lien (f. 1975), norsk jazzmusikar
Sjå òg
- Hälge, svensk teikneserie
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads