Helge Solum Larsen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Helge Solum Larsen (14. januar 1969–18. desember 2015)[1] frå Stavanger var ein norsk politikar (Venstre). Han sartt i bystyret i Stavanger frå 1991. Frå 1994 til 1997 var han leiar for Unge Venstre. I stortingsperioden 2005 til 2009 var han første vararepresentant til Stortinget frå Rogaland. Han har òg vore varamedlem i styret i Nei til EU. Frå 2004 var han med i landsstyret i Venstre, og i 2010 vart han utnemnd til nestleiar i partiet. I kommunevalet 2011 stod han som Venstre sin fylkesordførarkandidat i Rogaland.
Etter valet blei han leiar av Kommunalstyret for byutvikling i Stavanger og fylkesutvalgsmedlem i Rogaland. Den 7. februar 2012 trekte Helge Solum Larsen seg som nestleiar av Venstre, men fullførte perioden som folkevald til det nye fylkestinget og bystyret kom på plass hausten 2015.[2] Bakgrunnen var ei valdteksanklage som førte til sikting og seinare henlegging.[3][4][5][6]
Solum Larsen døydde plutseleg den 18. desember 2015, etter ei hjernebløding.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads