Helin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Helin er ein innsjø som ligg i kommunane Vestre Slidre og Vang i Innlandet. Innsjøen vart regulert i samband med utbygginga av Åbjøra kraftverk, og vasspegelen kan regulerast med opptil 2 meter. Helin er ein vindeksponert klarvassjø med ein nokså rik botnvegetasjon, mellom anna kransalgar heilt ned til 15 meters djup. Denne vegetasjonen gjev ein høg produksjon av botndyr.
I 1930 vart eit 35 km² stort område mellom Helin og Syndinvatna i aust freda som botanisk plantenasjonalpark. I skiferura under fjellet Gila og langs Helin veks fleire sjeldne planter, mellom anna urvalmue (Papaver relictum). Elles er Helin er omgjeve av bjørkeskog.
Helin er verna i samsvar med Verneplan I for vassdrag.
Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads