Hellebard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hellebard er eit våpen som er samansett av eit økseblad og ein spydspiss på enden av eit langt skaft. Hellebardar var mykje brukte blant fotsoldatar på 1300-talet og 1400-talet og blir enno bore som seremonielt skaftevåpen av Sveitsargarden i Vatikanet. Ein kan òg finne hellebarden i somme av dei bergenske bogekorpsa.


Remove ads
Historikk


Utforming, utbreiing og bruk
Hellebardane hadde gjerne tre element på ei stong:
- eit økseblad til å hogge med
- ein spydspiss til å stikke med
- ein hake til å krøke fast t.d. kavaleristar i rustning eller til å deformere rustningar.
Hellebarden var billig å lage, og kunne brukast på ulike måtar i kamp, både i forsvar og angrep. Hellebardar var hovudvåpenet for dei tidlegare sveitsiske hærane på 1300-talet.
Etymologi
Orda hellebard kan komme frå dei tyske orda halm («stamme») og barte («øks»).[1] Det er òg mogleg at ordet er avleidd frå hellebaard som tyder helvetesbart på nederlandsk.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads