Hellmofjorden

fjord i Hamarøy i Nordland From Wikipedia, the free encyclopedia

Hellmofjordenmap
Remove ads

67.900°N 16.227°E / 67.900; 16.227

Thumb
Hellemofjorden nordover frå Musken
Foto: Helge Høifødt
Thumb
Hellmobotn
Foto: Helge Høifødt

Hellmofjorden (lulesamisk Oarjjevuodna eller Hælmåvvå) er ein fjordarm av Tysfjorden i Hamarøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg om lag 29 km søraustover til Hellemobotn.

Fjorden har innløp mellom grenda Helland i vest og Hestneset i aust. Det er ikkje vegsamband innover i fjorden, men spreidde gardar ligg på begge sider. Eit godt stykke sørover ligg grenda Musken og her svingar fjorden austover, før han svingar søraustover.

Fjorden er omkransa av høge fjell, men særleg den inste delen er bratt og høg. Her finn ein Gállotjåhkkå på 708 moh og Vuodnabattjåhkkå på 942 moh.

Namneformene «Hellemofjorden», «Oarjevuotna» og «Oarjievuodna» har alle vore brukt på kart eller vurdert brukt på kart, men vart avslått då formene Hellmofjorden og Oarjjevuodna vart vedtekne 8.8.1995.[1]

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads