Hello! av Status Quo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hello! er det sjette studioalbumet til det britiske rockebandet Status Quo. Det kom ut i september 1973 og var det første av fire Quo-album som gjekk til topps på den britiske albumlista. Det var òg det første Quo-albumet der trommeslagaren John Coghlan medverka som låtskrivar.

Meir informasjon Status Quo-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Klaverspelaren Andy Bown og saksofonisten Stewart Blandamer spelte begge på «Forty-Five Hundred Times». Dette var første gangen Bown spelte på eit Status Quo-album før han seinare vart permanent medlem i bandet.

Remove ads

Bakgrunn

I 1973 byrja Status Quo å få suksess att på salslistene, etter at dei i 1972 fekk kontrakt hos Vertigo. Det gamle selskapet deira, Pye, valde då å gje ut ein singel frå albumet deira frå 1971, Dog of Two Head. Singelen «Mean Girl» nådde då 20. plassen på singellista.

I august 1973 kom den einaste singelen frå det nye albumet, «Caroline», skriven av Rossi og Young. Denne nådde femteplassen på singellista i Storbritannia og vart den første singelen deira som nådde så høgt. B-sida var ein song som ikkje var med på albumet, «Joanne», skriven av Alan Lancaster og Rick Parfitt.

Ei 8-spors lydbandutgåve av albumet kom ut i september same året.

Det vart ikkje gjeve ut andre singlar frå albumet, sjølv om eit konsertopptak av «Roll Over Lay Down» kom ut på ein trespors EP i mai 1975 og nådde niandeplassen på UK Singles Chart og andreplassen på den australske singellista, den einaste topp ti-hitten deira der.

Dette var det første albumet deira der bandnamnet stod skrive i den faste fonten som vart nytta på alle albuma deira sidan.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads