Hello Young Lovers av Sparks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hello Young Lovers er det 20. studioalbumet til Sparks. Det var eit framhald av den repetitive orkesterstilen deira frå det forrige albumet Lil' Beethoven, men med mykje meir vekt på gitar og trommer. Det er eit konseptalbum som omhandlar sider ved moderne kjærleik.

Meir informasjon Sparks-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Utgjeving

Hello Young Lovers selte betre enn noko anna Sparks-album sidan 1970-åra og det nådde 66. plassen på UK Album Chart.[8] Albumet gjekk ikkje inn på albumlista i USA. Albumet kom ut på CD og på både kvit og rosa vinyl. CD-plata kom opphavleg ut på Gut Records, og sidan på In The Red records.

Det vart gjeve ut to singlar og ein EP for å marknadsføre albumet. Den første, «Perfume», kom i lag med ein alternativ versjon av «(Baby, Baby) Can I Invade Your Country» og ein remiks av Clor. Denne nådde 80. plassen på UK Singles Chart[8] og 10. plassen på UK Independent Singles Chart.

«Dick Around» kom ut som ein EP i USA og som ein dobbel A-side-singel med «Waterproof» i Storbritannia. Begge versjonane inneheldt ein redigert versjon av «Dick Around» og den amerikanske versjonen inneheldt konsertopptak spelte inn tidlegare det året i Los Angeles. Den britiske utgåva av albumet vart bannlyst av BBC, som rekna tittelen på songen som obskøn. Sparks gav ut ei melding som sa: «BBC har offisielt teke livet av den nye singelen vår, 'Dick Around', tilsynelatande gjennom ganske barnslege innvendingar mot tittelen, ein uskuldig referanse til eit dagdrivar-liv. At eit musikkstykke kan fordømmast utelukkande etter tittelen utan at 'avgjerdstakarane' i det heile er anstendige nok til å opna CD-etuiet, er ein farse og ei fornærming mot både oss som skaparar av musikken og mot lyttarane til BBC.»[9] Til slutt gav BBC London ut ei melding som sa at songen var teken inn i rotasjonen att.[9] Singelen nådde 139. plassen i Storbritannia.[10]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Ron Mael og Russell Mael, utanom der andre er nemnde

Remove ads

Medverkande

Salslister

Album

Meir informasjon Land, Plassering ...
Perfume (singel)
Meir informasjon Liste (2006), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads