Helmut Rahn

tysk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Helmut Rahn
Remove ads

Helmut Rahn (16. august 192914. august 2003) var ein tysk fotballspelar frå Essen som vart matchvinnar då Vest-Tyskland i 1954 overraskandane vann verdsmeisterskapen i fotball i Sveits med 3-2 mot favoritten Ungarn. Han var angrepsspelar, ofte frå ein vengposisjon.

Kjappe fakta
Remove ads

Rahn spelte på Rot-Weiss Essen frå 1951 til 1959. Med laget frå heimbyen var han med å vinne DFB-pokalen 1953 og bundesligaen i 1955. Sesongen 1959/60 gjorde han teneste i FC Köln. Sidan spelte han tre sesongar i nederlandsk SC Enschede, før han 1963-65 avslutta med MSV Duisburg.

Rahn landslagsdebuterte for Vest-Tyskland i november 1951 i Istanbul. Få veker seinare skåra han sitt fyrste av 21 landslagsmål då Vest-Tyskland i heimbyen hans vann 4-1 over Luxembourg. Under Fotball-VM 1954 spelte høgrevengen fire av dei fem kampane til Vest-Tyskland. I finalen i Bern den 4. juli 1954 mot Ungarn utlikna han i det 18. minutt til 2-2, før han i det 84. minutt skåra det avgjerande målet til 3-2. Fire år seinare spelte Rahn alle Vest-Tysklands kampar i Fotball-VM 1958 i Sverige, ein meisterskap der vesttyskarane tapte 3-6 mot Frankrike i kampen om bronsen. Rahn var landslagskaptein i to kampar våren 1957 og alle seks landskampane i 1958/59-sesongen. I sin 40. og siste landskamp i Ludwigshafen den 27. april skåra han det andre målet då Portugal måtte reise heim med tap 1-2.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads