Helsevesen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Helsevesen
Remove ads

Helsevesenet er dei samla private og offentlege helsetenestene, -institusjonane og -lovane til eit samfunn. Helsevesen har til føremål å førebyggja, diagnostisera og behandla sjukdom og skader og gje omsorg til pasientar.

Thumb
Sjukepleiar og barnepasient ved Universitäts-Kinderklinik i Bonn i 1953.

Soge

Historisk dreiv kloster og kyrkjer helseintitusjonar som hospits og fattighus. I tidleg moderne tid byrja utviklinga av statlege helsevesen. I Danmark-Noreg fekk ein først ein lege med universitetsutdanning (physicus eller medicus) i kvart stift, deretter i kvart amt og så i kvar kommune. Ein oppretta etterkvart andre offentlege stillingar for helsearbeidarar, som sertifiserte jordmødrer og chirurgici (tidlege kirurgar).[1]

Moderne velferdsstatar utvikla offentlege helsevesen som gjorde helsetenester tilgjengelege for alle innbyggjarane sine. Eit av dei første og største av desse er National Health Service i Storbritannia, som blei skipa i 1948. Dette helsevesenet har over 1,7 millionar tilsette og dekkjer over 63,2 millionar moglege brukarar.[2]

Remove ads

Helsevesenet i Noreg

Det norske helsevesenet er ein av dei største samfunnssektorane i landet I 2002 utgjorde utgiftene til helsevesenet 8,7 % av BNP og stod for over 155 000 årsverk.[3]

Helsevesenet er inndelt i primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Kommunane har ansvaret for primærhelsetenesta i sitt geografiske område. Ansvaret for spesialisthelsetjenesta i Noreg er delt inn i fire regionar som kvart har eit regionalt helseføretak:

  • Helse Nord
  • Helse Sør-Aust
  • Helse Vest
  • Helse Midt-Noreg
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads