Hemsedal kommune
kommune i Buskerud fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hemsedal kommune er ein kommune i Hallingdal nordvest i Buskerud fylke. Kommunen grensar i søraust til Gol, i sørvest til Ål, i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane og i nordaust til tre kommunar i Innlandet fylke; Nord-Aurdal, Vang og Vestre Slidre. Hemsedal fekk kommunestatus i 1897, då han vart skilt ut frå Gol.
- «Hemsedal» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Trøym.
Administrasjonssenter i Hemsedal er tettstaden Trøym. Lokalavisa er Hallingdølen, som òg kjem ut i dei fem andre kommunane i Hallingdal.
Remove ads
Geografi

Hemsedal kommune omfattar det meste av dalen Hemsedal og Grøndalen, der sistnemnde er ein sidedal til Hemsedal. Over fire femdelar av kommunen ligg høgre enn 900 moh, og dette er staden i Sør-Noreg der Austlandet møter Vestlandet. Av den grunn har du brytinga mellom to ulike typar fjellformasjonar i kommunen, noko som er særleg fascinerande for fjellinteresserte. Høgste punktet i kommunen er Høgeloft på 1920 moh. Hydnefossen, den høgste fossen i Buskerud ut frå totalt fall, ligg ved Hornset i kommunen.
Folkesetnaden ligg for det meste langsmed det største dalføret, og her ligg kommunesenteret Trøym og dei to andre bygdene Ulsåk og Tuv. På begge sidene av dalen er det fjellområde, med Høgeloft på 1920 moh. som det høgste punktet i kommunen. Andre høge fjell i kommunen er Raudebergnuten på 1818 moh. og Skogshorn på 1728 moh. Heilt i aust ligg grenda Lykkja 830-900 moh. i sollia over Tisleifjorden og Storevatnet. Desse sjøane har avløp ved Tisleia til Valdres.
Remove ads
Næringsliv

Viktige næringar i kommunen er jordbruk med hald av husdyr, særleg av storfe og sau. Det er litt industri med nokre føretak i trevare-, møbel- og næringsmiddelindustrien, me.a. meieri. Turisme er vorte ei viktig satsing frå 1970-åra av. Det er satsa sterkt på vinterturisme med fleire alpinanlegg, mellom anna Hemsedal Skisenter. Reiselivsnæringa og varehandelen sysselset nesten ein fjerdedel av dei yrkesaktive. Av anna næringsliv kan nemnast nokre hotell, pensjonat, campingplassar og hyttegrender.
Remove ads
Samferdsle
Riksveg 52 (Gol-Lærdal) går gjennom Hemsedal og fylgjer Mørkedalen opp til fjellovergangen på 1137 moh. Private vegar går over fjellet til Vestre Slidre i aust og Ål/ Hol i vest.
Kjelder
- «Hemsedal» av Geir Thorsnæs og Svein Askheim i Store norske leksikon, snl.no.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
- Hemsedal kommune
- Hallingdølen - lokalavis i Hemsedal
- Historiske arkiv etter Hemsedal kommune på Arkivportalen
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads