Henning
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Henning er eit mannsnamn og slektsnamn av tysk opphav. Det har fleire moglege forklaringar, anten ei avleiing av Hagining, eit gammaltysk namn laga av hagan-, 'inngjerding', og aveleiingsendinga -ing, eller som ei plattysk kortform av Heinrich eller Johannes.
Henning har norsk namnedag den 22. mai og tysk den 11. juli.
Bruk
Namnet var utbreidd i tida 1200 til 1500 i dei nordtyske områda Mecklenburg, Hannover, Hamburg, Holstein og Pommern. Namnet har vore brukt i Noreg frå 1400-talet.
I nayre tid har Henning vore mykje brukt i Danmark. I 2008 var det 21 099 danske menn, eller 0,8 %, som bar namnet. I Noreg var prosentdelen i 2006 0,2 %.
Namneberarar
- Henning Stockfleth (d. 1664), norsk geistleg
- Henning Astrup (1864–1896), norsk arkitekt
- Henning Berger (1872–1924), svensk forfattar
- Henning Kehler (1891–1979), dansk forfattar
- Henning Carlsen (f. 1927), dansk filmregissør
- Henning Damgaard-Sørensen (f. 1928), dansk kunstnar
- Henning Christiansen (f. 1932), dansk komponist og kunstnar
- Henning Christophersen (f. 1939), dansk politikar
- Henning Kagermann (f. 1947), tysk forretningsmann
- Henning Mankell (f. 1948), svensk forfattar og regissør
- Henning Holstad (f. 1951), norsk forretningsmann og politikar
- Henning Sommerro (f. 1952), norsk musikar
- Henning Kvitnes (f. 1958), norsk musikar
- Henning Warloe (f. 1961), norsk politikar
- Poul-Henning Kamp (f. 1966), dansk programmerar
- Henning Berg (f. 1969), norsk fotballspelar
- Henning Kraggerud (f. 1973), norsk fiolinist
- Henning Solberg (f. 1973), norsk rallyførar
- Henning Braaten (f. 1979), norsk skater
- Roy Henning Snyen, norsk klassisk gitarist
Remove ads
Kjelder
- «Henning» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Henning» frå Wikipedia på bokmål, og «Henning» frå Wikipedia på tysk den 21. mai 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads