Henri Matisse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Henri Émile Benoît Matisse (31. desember 1869–3. november 1954) var ein fransk biletkunstnar.
Matisse blir rekna som ein av dei største blant dei tidlege modernistane og han arbeidde med ulike uttrykksformer og materialar, men var hovudsakleg målar.
Remove ads
Liv og verk
Matisse voks opp i Bohain-en-Vermandois og flytta i 1887 til Paris for å studere juss. Under ein sjukdomsperiode begynte han å måle og i 1891 begynte han å studere målarkunst ved Académie Julian i Paris, der han blant anna studerte under Odilon Redon og Gustave Moreau.
Han var i begynninga sterkt påverka og inspirert av verka til Édouard Manet, Paul Signac og Paul Cézanne. Han blei snart leiar for dei kunstnarane som blir kalla fauvistar. I 1901 deltok han i ei utstilling og i 1904 hadde han si første separatutstilling. Då han flytta sørover til rivieraen, trefte han André Derain, noko som påverka målinga til Matisse. Verka frå perioden 1906-1917 blir rekna blant dei ypparste han laga. Etter at han busette seg i Nice i 1921 blei kunsten hans meir dekorativ og mindre intens.
- Kvinne med hatt (1905)
- Dansen II (1910)
Remove ads
Norske elevar
Mange norske kunstnarar og kunststudentar drog til Paris for å studere under Matisse. Blant desse var Jean Heiberg, Per Krohg, Axel Revold, Alf Rolfsen og Einar Sandberg.
Bakgrunnsstoff
- Rosenkapellet i Vence
- Artchive
- Kunstweb[daud lenkje]
- Henri Matisse Arkivert 2007-01-03 ved Wayback Machine.
- Henri Matisse: Life og Work 200 hi-res images
Denne kunstartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads