Henri Oreiller
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Henri Oreiller (5. desember 1925–7. oktober 1962) var ein fransk alpinist som vann OL-gull i utfor og den alpine kombinasjonen under Vinter-OL 1948 i St. Moritz.
Remove ads
Oreiller vart olympisk meister i utfor i St. Moritz i 1948, med ein margin på fire sekund til nestemann. I den andre tevlinga, slalåm, tok han bronsemedaljen. Prestasjonane i dei to renna gav han ein andre gullmedalje i kombinasjonen, ei såkalla papirøving.
Ved VM i alpine greiner 1950 i Aspen i delstaten Colorado vart han som best nummer fire i storslalåm. Under vinterleikane 1952 i Oslo makta han ikkje å hamle opp mot dei beste, ein 14. plass i utfor vart hans fremste plassering.
Remove ads
Etter han la opp i 1952 var Oreiller aktiv i billøp. Han omkom hausten 1962 på ei bilbane sør for Paris. Ei punktering førte til at han mista kontollen over bilen sin, ein Ferrari 250 GTO.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Henri Oreiller» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2015.
- (en) Henri Oreiller – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads