Henry Carr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Henry Carr (27. november 1941–29. mai 2015) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som i 1964 vann to gullmedaljar under dei olympiske sommarleikane i Tokyo.
Carr vart fødd i Montgomery i Alabama, som voks opp i Detroit i Michigan. Han sette verdsrekord på 200 meter i 1963 med eit løp på 20,3 sekundar. 4. april 1964 forbetra han rekorden til 20,2 sekundar under eit stemne i Tempe i Arizona.
Under dei olympiske leikane i Tokyo i oktober 1964 vann Carr 200 meter på olympisk rekord, 20,3 sekundar, framom landsmannen Paul Drayton med 20,5. Seinare i leikane sprang Carr USA inn til gull på 4 x 400 meter stafett, etter at Ollan Cassell, Mike Larrabee og Ulis Williams hadde teke laget i føringa.
Frå 1965 var Carr i eit par år aktiv i amerikansk fotball, utan å oppnå suksess.
Han døydde i Griffin i delstaten Georgia, der han hadde vore aktiv for Jehovas vitne.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Henry Carr» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads