Hepatocytt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hepatocyttar er epitelseller som dannar hovudvevet i levra. Hepatocyttar har ein unik sellepolaritet. På den eine sida av sellekroppen kjem hepatocyttar i kontakt med blod ved hjelp av sinusoidblodårer og kan ta opp frå og skilja ut stoff til blodet. På hi sida av sellekroppen er dei i kontakt med kanalar der dei kan skilja ut galle.[1][2][3] Hepatocyttar kan lagra glykogen og feittsyrer.[4][5] I hepatocyttar er konsentrasjonen av glukose i jamvekt med konsentrasjonen på utsida av sella grunna den høge kapasiteten til glukosetransportøren GLUT2.[6]

Hepatocyttar kan vera polyploide. Opp til 90 % av musehepatocyttar og kring 50 % av menneskehepatocyttar er polyploide.[7]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads