Herefordshire
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Herefordshire er eit historisk og seremonielt grevskap i Vest-Midlands i England. Han er òg ei sameint styresmakt kalla County of Herefordshire. Det grensar til dei engelske seremonielle grevskapa Shropshire i nord, Worcestershire i aust, Gloucestershire i søraust og i Wales til dei bevarte grevskapa Gwent i sørvest og Powys i vest. Administrasjonsbyen er Hereford som med kring 50 000 innbyggjarar òg er den største byen i grevskapet.
Grevskapet er det mest landlege og tynnast folkesette i England med 82 innbyggjarar per kvadratkilometer. Området består hovudsakleg av jordbrukslandskap og er kjend for frukt- og siderproduksjon, og for herefordkveget.
Remove ads
Historie
Herefordshire er eit av 39 historiske grevskap i England.
I 1974 vart det slått saman med nabogrevskapet Worcestershire til det kortvarige Hereford og Worcester administrative grevskapet. Innan for dette dekte Herefordshire distrikta South Herefordshire, Hereford og delar av Malvern Hills og Leominster.
Det noverande seremonielle grevskapet og sameinte styresmakta har omtrent dei same grensene som det historiske grevskapet frå tida før 1974.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads