Regionar i England
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein region i England er det høgaste nivået for dei lokale styresmaktene. Landet er delt inn i ni regionar, kvar med eit regjeringskontor og nokre fastsette institusjonar. Stor-London er eit særtilfelle, då byen har ein borgarmeister og vert styrt av ei folkevald forsamling, men likevel reknast som eigen region. Regionane fungerer som valkretsar for val til Europaparlamentet.
| Regionane i England | |
![]() | |
Remove ads
Folkevalde regionsforsamlingar
Som ein del av den same prosessen som førte til opprettinga av eigne nasjonalforsamlingar i Skottland, Wales og Nord-Irland vart det bestemt at det skulle haldast folkeavstemmingar i regionane om dei ønskte å opprette folkevalde regionsforsamlingar. Slik avstemming vart halde i Nordaust-England 4. november 2004, med ein klar majoritet mot opprettinga av eit slikt organ. Andre avstemmingar vart utsett for å vurdere høvet for å ta imot alle stemmer via post.
Motstanden mot slike forsamlingar har først og fremst kome frå Det konservative partiet, men òg mange i Arbeiderpartiet har vore særs skeptiske. Hovudargumentet mot ordninga er at i staden for å flytte makt frå sentralregjering nedover vil ein heller flytte makt oppover frå organa i grevskapa.
Remove ads
Kritikk mot inndelinga
Det er retta kritikk frå mange hald mot inndelinga, som i stor grad er basert på ei inndeling som vart gjort under den andre verdskrigen i samband med organisering av sivilforsvaret. Nokre konkrete ankepunkt er:
- Nordvest-England er strekt for langt; Cumbria høyrer meir naturleg heime i Nordaust-England,
- Aust-England er for lite homogen i forhold til geografi, frå myrlandskapa i East Anglia til Londonforstadane i Hertfordshire,
- Søraust-England er for stor, både i areal og folketal,
- Sørvest-England burde ikkje omfatte Gloucestershire, men burde omfatte Hampshire og Berkshire.
Dei nordlege grensene ser ut til å vere fastlåst, men det er mogeleg at grensene til dei sørlege regionane vil verte revurdert.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Englands regioner» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2009.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

