Hertugdømet Preussen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hertugdømet Preussen
Remove ads

Hertugdømet Preussen (tysk Herzogtum Preußen; polsk Prusy Książęce) var eit hertugdøme oppretta i 1525 i den tidlegare Klosterstaten til Den tyske riddarordenen i den austlege delen av Preussen. Det var først ein protestantisk luthersk stat med ein dominerande tysktalande folkesetnad og ein polsk og litauisk minoritet.

Kjappe fakta

Hertugdømet, som hadde hovudstad i Königsberg (Królewiec), vart arva av kurfyrstane av Brandenburg frå Huset Hohenzollern i 1618. Personalunionen vert kalla Brandenburg-Preussen fram til det fekk status som kongedøme i 1701.

Hertugdøme Preussen vart stort sett verande ein sjølvstyrt vasall under Det polsk-litauiske samveldet fram til 1657, då «Storfyrste» Fredrik Vilhelm av Brandenburg fekk full suverenitet over området etter Wehlau-traktaten, og vart fullt ut anerkjend med Oliva-traktaten (1660).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hertugdømet Preussen
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads