High Hopes
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«High Hopes» er ein song frå Pink Floyd-albumet The Division Bell frå 1994, skriven av David Gilmour med tekst i lag med Polly Samson. Teksten omhandlar ting ein kan ha oppnådd og tapt i livet, skriven frå eit sjølvbiografisk syn av Gilmour. Douglas Adams, ein ven av Gilmour, valde albumtittelen ut frå teksten i denne songen.
Songen vart gjeven ut på singel i oktober 1994 og kom seinare ut på samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd i 2001 i ei forkorta utgåve.
Remove ads
Musikkvideo
Musikkvideoen for «High Hopes» som vart synt på skjermen under Division Bell-turneen er filma i Fenland i Cambridgeshire. I videoen kan ein sjå ein mann som ser ut over The Fens ved Ely Cathedral, den same bygningen ein kan sjå på plateomslaget mellom metallhovuda. Videoen har òg mange referansar til Cambridge, der Syd Barrett, Roger Waters og David Gilmour voks opp.
Medverkande
- David Gilmour - solo- og korvokal, klassisk gitar, bassgitar, lap steel-gitar
- Richard Wright - Kurzweil synthesizer
- Nick Mason - trommer, kyrkjebjølle, tamburin
- Jon Carin - piano
- Michael Kamen - orkestrering
- Edward Shearmur - orkestrering
Andre versjonar
- Shark 'N The Smoke på hyllestalbumet A Fair Forgery of Pink Floyd.
- Nightwish har gjeve ut fleire konsertversjonar av songen, mellom anna på samlealbumet Highest Hopes og på DVDen End of an Era
- Gregorian på albumet Masters of Chant Chapter IV.
- Sylvan i 2000 for albumet 'Signs of Life - A Tribute to Pink Floyd'
- Det franske powermetal-bandet Karelia i 2005 for albumet 'Raise'
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads