Keep Talking
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Keep Talking» er ein song av Pink Floyd på albumet deira The Division Bell frå 1994.
Remove ads
Innspeling
Songen er skriven av David Gilmour, Richard Wright og Polly Samson, og vart sungen av Gilmour. Den elektroniske røysta til Stephen Hawking er nytta på songen, henta frå ein reklamefilm for BT.[1] Gilmour ønskte å bruke talen etter å ha sett reklamen, som han skildra som «den mektigaste TV-reklamen eg har sett nokon gong».[2] Gilmour spelar gitar med talkbox-effekt på songen.
Utgjeving
Songen var den første singelen som kom ut frå albumet i USA i mars 1994. Det var den tredje songen deira som gjekk til topps på Album Rock Tracks-lista til Billboard, og låg på toppen av lista i seks veker.
Songen er med på samleplata Echoes: The Best of Pink Floyd frå 2001.[3]
Konsertopptak
Songen vart framført på alle konsertane under The Division Bell-turneen i 1994 og konsertopptak, frå forskjellige stader, vart gjevne ut både på albumet Pulse og videoen med same namn.
Songen vart sampla av Wiz Khalifa på tittelsporet på mixtapen hans Burn After Rolling frå 2009.
Medverkande
- Pink Floyd
- David Gilmour – solovokal, gitar, talkbox, EBow
- Richard Wright – Hammondorgel, synthesizer
- Nick Mason – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Gary Wallis – programmering
- Jon Carin – programmering, ekstra klaverinstrument
- Guy Pratt – bassgitar
- Sam Brown – korvokal
- Durga McBroom – korvokal
- Carol Kenyon – korvokal
- Jackie Sheridan – korvokal
- Rebecca Leigh-White – korvokal
- Stephen Hawking – datastemme, sampla
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads