High Wycombe

From Wikipedia, the free encyclopedia

High Wycombe
Remove ads

High Wycombe er ein by i den sørlege delen av Buckinghamshire i distriktet Wycombe i England. Byen ligg knapt 50 km nordvest for London; På Corn Market-bygnigen i sentrum av byen er avstanden på 29 miles inngravert. Byen har i overkant av 80 000 innbyggjarar. Wycombe er delvis ein industriby og marknadsby for dei omgjevande landdistrikta, og byen har hust ein marknad på High Street sidan mellomalderen. Sidan 1600-talet har industrien vore den dominerande økonomiske faktoren i byen. Folkesetnaden i Buckinghamshire er av dei rikaste i heile Storbritannia,[1] men likevel finst det i Wycombe fleire relativt fattige område.[2]

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...
Remove ads

Historie

Namnet på byen er avleidd av elva Wye og det gammalengelske ordet for ein skogkledd dal, combe. Byen er første gong nemnd i historiske kjelder i 970 som Wicumun, og seinare er han nemnd i Domesday Book, på det tidspunktet hadde han seks møller. Omkring år 2 var det ein romersk villa på staden, som fleire gonger er utgraven, seinast i 1954; her vart det mellom anna funnen mosaikkar og badhus. Under den engelske borgarkrigen vart det utkjempa eit mindre slag i nærleiken av High Wycombe. Den seinare statsministeren Benjamin Disraeli budde i byen.

High Wycombe var kjend som Chepping Wycombe eller Chipping Wycombe fram til omkring 1911.[3]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads