Hilal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hilal (arabisk هلال, hilāl) er arabisk for halvmåne og er eit viktig symbol og haldepunkt i islam.

Synet av nymånen markerer byrjinga av ein ny månad i den muslimske kalenderen. Dette fastset dermed viktige høgtider, som id ul-fitr og nyttår. Koranen nemner nymånen som eit middel til å måla tiden for menneska og til å slå fast valfarten.[1]
Muslimske lærde studerte astronomi for å betre kunna fastsetja kva tid nymånen kom til å visa seg. Nokre grupper muslimar, som ismailiar, har gått inn for å rekna ut kva tid nymånen kjem til å syna seg, men størsteparten av sunnimuslimar held fast ved at ein faktisk skal sjå månen for at den nye månaden skal byrja.[2]
Halvmånen blir brukt som symbol på ein del moskéar og i lag med ei femtakka stjerne på flagga til fleire muslimske land, som Algerie, Aserbajdsjan, Pakistan og Tunisia. Det blir òg brukt som alternativ til krossen av Raudekrossen i muslimske område.
Hilal er også eit vanleg namn for personar og verksemder i den arabiske og muslimske verda.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads