Hilde Eskild

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hilde Eskild
Remove ads

Hilde Eskild (født 26. juni 1965) er ein norsk forteljar, lærar og forfattar busett i Lillesand.

Kjappe fakta

Frå 2000 har ho reist rundt i Norden med førestillingar, kurs og foredrag på festivalar og seminar, og Eskild har òg vore på fleire turnear for Den kulturelle skulesekken[1]. I kursa og foredraga ho held er tema som vert tekne opp munnleg forteljing, ulike forteljarteknikkar og litteraturformidling. Eskild utvikla forteljarfaget «fantastiske forteljingar» då ho var folkehøgskolelærar.[2] Eskild har gjeve ut fleire bøker saman med blant anna Benedicte Hambro om munnleg formidling, andre med historier som kan formidlast, og dessutan ein biografi, Kaffe, karamell og vaniljesaus om den somaliske svogeren sin. Fleire av bøkene har vorte utgjevne i nye opplag.[3]

I 2012 fekk Eskild både publikumsprisen og ein bronsemedalje i NM i litteraturformidling, og i 2014 vart ho noregsmeister.[4][5]

Ho er medlem av Norsk Fortellerforum.

Remove ads

Bibliografi

  • 2002 Snikk, snakk, snute : en praktisk bok om muntlig fortelling, sammen med Benedicte Hambro og Mats Rehnman. ISBN 82-7895-019-9
  • 2004 Livet er som et banantre og andre fortellinger : inspirasjon til taler, fremføringer og gode samtaler, sammen med Benedicte Hambro og Mats Rehnman. ISBN 82-7895-024-5
  • 2005 Snick och snack : en praktisk bok om muntligt berättande, sammen med blant annet Benedicte Hambro og Bengt Söderhäll. ISBN 91-47-05283-x
  • 2007 Den aller første natten : 40 historier til trøst, ettertanke og glede, sammen med Benedicte Hambro. ISBN 978-82-7895-039-5
  • 2008 Lese eller fiske? : 23 lette fortellinger fra hele verden, sammen med Benedicte Hambro. ISBN 978-82-7895-055-5
  • 2008 Onkel Jarles himmelske frokoster, sammen med Mette Elisabeth Gundersen. ISBN 978-82-7895-057-9
  • 2010 Hva er vitsen? : morsomme historier og vitser : enkle tekster, gjenfortalt av Benedicte Hambro og Hilde Eskild. ISBN
  • 2010 Kaffe, karamell og vaniljesaus. ISBN 978-82-7895-064-7
  • 2012 Årgangshelter : fortellinger om dem som til enhver tid er minst 15 år eldre enn deg selv, sammen med Benedicte Hambro. ISBN 978-82-7895-072-2
  • 2013 Helt eventyrlig : 27 eventyr, sammen med Benedicte Hambro. ISBN 978-82-7895-082-1
Remove ads

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads