Hildesheim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hildesheim
Remove ads

Hildesheim er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Innerste, som er ei sideelv til Leine.

Kjappe fakta Land, Stat ...

Den romanske domkyrkja St. Maria frå 800-talet vart øydelagd i 1945, men rekonstruert kort tid etter krigen. Denne og kyrkja Michaeliskirche vart plassert på UNESCO si verdsarvliste i 1985.

Remove ads

Historie

Byen vart eit sete for Bispedømet Hildesheim i 815. I fire hundre år styrte prestestanden Hildesheim, før det vart bygd eit rådhus og innbyggjarane fekk noko meir påverknad. I 1367 vart Hildesheim eit medlem av Hansaen.

Byen vart hardt råka av dei allierte sine bombetokt under den andre verdskrigen i 1945, særleg 22. mars. Sentrum, som hadde hatt preg av ein mellomalderby fram til då, vart fullstendig jamna med jorda. Etter krigen vart byen bygd opp att i ein ny stil med betongbygningar i staden for dei eldre bygningane. Seint i 1970-åra byrja ein derimot å rekonstruere det historiske sentrumet. Dei firkanta betongbygningane vart rive ned og erstatta med kopiar av dei opphavlege bygningane.

I 1970-åra vart òg universitetet Stiftung Universität Hildesheim oppretta.

Thumb
Domkyrkja St. Andreas i Hildesheim. Ho har det høgaste spiret (114,5 m) i Niedersachsen.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads