Leine
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leine er ei elv i Niedersachsen og Thüringen i Tyskland og ei av sideelvane til Aller frå venstre med ei lengd på 281 km.
Ho har sitt utspring nær Leinefelde i Thüringen. Førti kilometer ned i elva renn ho inn i Nidersachsen og vidare nordover. Viktige byar langs elva er Göttingen, Alfeld og Gronau, før elva renn inn i Hannover, den største byen ved elva. Om lag 40 kilometer nord for Hannover, nær Schwarmstedt, munnar elva ut i Aller.
Sjølv om det stundom oppstår flaum i elva, vert det vanlegvis få øydeleggingar. Elva er berre framkommeleg i dei nordlege delane, men i tidlegare tider var ho ei transportåre heilt opp til Göttingen. Elva er noko forureina og vert ikkje nytta til drikkevatn, men er ikkje i så dårleg stand at det ikkje finst fisk her.
Ved Göttingen vert ein del av elva leia inn i ein kanal som går meir eller mindre parallelt til elva.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Leine» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2007.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads