Hilmar Alexandersen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hilmar Alexandersen ( 22. november 1902–28. april 1993) var ein norsk felespelar og komponist.
Han var kjend for å spela taterviser og tradisjonell folkemusikk, og hadde ei rekkje utgjevingar, mellom anna serien Gammeldanstreff med P.A. Røstad. Han var mottakar av «Torkjell Haugeruds Minnefond» (1975), var æresmedlem i Landslaget for Spelemenn 1978, og fekk Nord-Trøndelag fylkes kulturpris i 1987. Fram til 2001 var han den einaste, som i tillegg til Sigbjørn Berhoft Osa, hadde fått tildelt feleknappen i gull av Noregs Ungdomslag.
«Hilmarfestivalen» i Steinkjer vart etablert i 2003. Musikken hans vart utgjeven på Hjartespel, i serien «This is music from Norway». Gjermund Larsen stod bak bestillingsverket til Telemarkfestivalen 2006, der musikken til Alexandersen var hovedtema.
Hilmarprisen vart oppretta i 1991, og vert delt ut i namnet hans, i eit samarbeid mellom Steinkjer kommune og Trøndelag fylkeskommune for fremje av folkemusikk.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hilmar Alexandersen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. oktober 2023.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads