Hilversum

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hilversum
Remove ads

Hilversum er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland. Han ligg i regionen 't Gooi og er den største byen i området med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er omgjeve av lyngheilandskap, skogar, enger, innsjøar og mindre landsbyar. Hilversum er ein del av Randstad, ein av dei største storbyområda i Europa.[2]

Kjappe fakta Land, Provins ...

Hilversum ligg om lag 30 km søraust for Amsterdam og 25 km nord for Utrecht.

Byen vert ofte kalla «mediabyen» sidan dei største kontora for nasjonal radio og fjernsyn i Nederland ligg her. Radio Nederland, som har vore på kortbølgjeradio over heile verda sidan 1920-åra har basen sin her. I Hilversum ligg òg store kompleks med lyd- og fjernsynsstudio, i tillegg til studio og kontor for alle dei nederlandske rikskringkastingsorganisasjoane og fleire kommersielle TV-selskap.

Hilversum er òg kjend for det arkitektonisk viktige Raadhuis (rådhus) teikna av Willem Dudok (1884–1974).

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads