Hinterrhein

elv i Sveits From Wikipedia, the free encyclopedia

Hinterrhein
Remove ads

Hinterrhein (Bakre Rhinen) er ei av to kjeldeelvar til Rhinen i kantonen Graubünden i Sveits, som renn frå landsbyen Hinterrhein nær San Bernardino-passet gjennom Rheinwalddalen til kløfta Roflaschlucht. I denne kløfta mottar ho den like store Averser Rhinen, som kjem frå Aversdalen i Italia. Etter Roflaschlucht vidar dalen seg ut og vert kalla Schams. Hinterrhein når så Andeer, før ho passerer ei ny kløft, Viamala like før Thusis. Ei anna sideelv, med noko større vassføring, munnar ut i Hinterrhein som Albula, og kjem frå Albulapasset via eit dalsystem som ofte berre vert kalla Davos. Etter å ha runne til Rothenbrunnen gjennom dalen Domleschg renn elva over flodsletta Isla Bella nær Rhäzüns, før ho renn saman med Vorderrhein ved Reichenau.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads