Averser Rhinen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Averser Rhinen
Remove ads

Averser Rhinen (tysk Averser Rhein, retoromansk Ragn da Ferrera) er ei sideelv til Hinterrhein i sveitsiske kantonen Graubünden.

Kjappe fakta Land, Kanton ...
Remove ads

Løp

Thumb
Kjelda til Jufer Rhinen ved Juf, den høgastliggande permanent busette busetnaden i Europa.

Elva spring ut i Avers ved samløpet mellom Bergalgabach og den mindre Jufer Rhinen. Jufer Rhinen spring ut i, og er kalla opp etter, Juf, den høgastliggande permanent busette busetnaden i Europa, nær grensa til Albula. Frå kjelda renn Averser Rhinen med gjennom ei djup kløft, der den 80 meter høge Lezibrua kryssar. Ved botnen av dalen, møter ho den noko mindre Madrish Rhinen.

Etter nokre kilometer møter ho frå venstre Reno di Lei, som nesten berre renn over italiensk jord. Lago di Lei-reservoaret ligg òg på italiensk side, bortsett frå demninga som har skapt reservoaret, som står på sveitsisk side.

Averser Rhinen held fram gjennom Val Ferrera-dalen. Her ligg den øvre landsbyen Innerferrera (retoromansk Calantgil), der elva er demd opp, og dannar Innerferrerareservoaret sidan 1961. Nedanfor ligg Ausserferrera (retoromansk Farera), der bredalen er omgjeven av bratte heng. Averser Rhinen munnar ut i Hinterrhein i Roflaschlucht oppfor Andeer.

Vegen i Ferraradalen er ein [[blindveg].

Remove ads

Sideelvar

Sideelvar frå venstre[1]

  • Bergalgabach (største kjelda til Averser Rhinen)
  • Madrish Rhinen (retoromansk Ägua da Madris)
  • Reno di Lei
  • Ual da Niemet

Sideelvar frå høgre[1]

  • Jufer Rhinen
  • Maleggabach
  • Ava da Starlera
  • Ava da Mulegn
  • Aua Granda

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads