Hirbnafsah

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hirbnafsah
Remove ads

Hirbnafsah (arabisk حر بنفسه, òg skrive Harb Nafseh eller Harbanafsa) er ein by nordvest i Syria i Hama guvernement, sørvest for Hama. Av stader i nærleiken finn ein Deir al-Fardis i nord, Tumin og al-Rastan i aust, Kisin og Kafr Nan i sør, Talaf i sørvest. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Hirbnafsah eit folketal på 3 574 i 2004. Han er det administrative senteret og den sjette største staden i Hirbnafsah nahiyah («underdistrikt») som består av 26 stader med eit samla folketal på 54 592.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]

Kjappe fakta Land, Guvernement ...

Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi nemnte at Hirbnafsah var «ein landsby under Hims» då han vitja i 1225 under styret til Ajjubide-dynastiet.[3]

Under den syriske borgarkrigen, som byrja i 2011, hevda opposisjonen at 40 menneske i Hirbnafsa vart drepne etter at den syriske hæren og pro-statleg militssoldatar bomba landsbyen den 6. august 2012. Andre opposisjonskjelder gav talet til å vere 11, inkludert fem barn.[4]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads