Hn/Minecraft

sandkassa- og yverlìvingspel From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Minecraft er eit sandkasse-/yverlìvingspel til telja, telefon og ei rekkja spelkonsollar. Spelet lèt leikaren byggja eller laga bygnader av terningar og dilikt med store skjermmòlar i ei 3D-verd. Minecraft er skapa av Mojang AB, men byrja som ei fritidsysla av Markus «Notch» Persson. Minecraft hev teke inngjevnad frå Dwarf Fortress, RollerCoaster Tycoon, Dungeon Keeper, og serskilt Infiniminer.[1]

Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Minecraft».
Kjappe fakta Utviklar(ar), Utgjevar(ar) ...
Remove ads

Spelgangen

Minecraft er eit skapande sandkassespel, der leikaren byrjar på ein tilfelleleg stad i ei tilfelleleg laga verd. Det er ingen røynleg ende på spelet, men det som mange reknar som det siste i rekkja av viktige hendingar er banen åt «enderdraken». For å koma dega må leikaren finna og «bøta» eit lìd (portal) som fører til «Enden» der draken bur. I Enden er det ingen annan måte å koma attende på en å drepa draken, som so gjev eit lìd attende til heimverdi.

Flestalle som spelar gjer det for å yverlìva, byggja og granska. Um natti kjem skræmsl som vil freista å skada leikaren, og detta er ei drivkraft til å byggja seg ei livd. Skræmsl finn ein òg i djupe hòlor og på myrke stader. Jamvel um ein oftast finn skræmsl på natti, kann ein òg møta på sume av deim um dagen. T.d. mumieliknande skolmersandheidi. Eit av dei mest sermerkte skræmsli i spelet er «creeperen» (d.e. krjuparen) som er ein grøn uppstaden skapnad, på høgd med leikaren, med fjore stutte føter. Detta ovrar seg um natti, men kverv ikkje um dagen slik som hine skræmsli.

Spelet gjev òg høve for samspel, der fleire kann spela samstundes i same heim. Her kann ein spela som ein vil, anten ein samarbeider um å byggja, tevlar um tilfangi, eller slæst og øydelegg for kvarandre. Kven som helst kann laga ein tenar med eigne set reglar for korleis dei skal spela.

Remove ads

Kvìkende

Minecraft er rikt på kvìkende utanum leikaren sjølv. Desse kvìkendi, som ein ikkje kann spela som, vert kalla «mobs» (av engelske mobile), eit umgrìp som er vanlegt i spel.

Fiendslege kvìkende

Desse kvìkendi freistar å skada leikaren um dei kjem for nære. Dei vil òg fylgja leikaren.

  • Daudingar: Fiendar som slær leikaren i hel. Desse kann vera væpna med ulike verkty og våpn som spadar eller sverd. Dei kan òg taka våpni åt leikaren når han døyr. Um spelet er sett til vandestìget «vandt» kann daudingane øydeleggja dører og gjera bygdarfolk um til bygdardaudingar. Desse hev annan usjånad en vanlege daudingar. Dei slepp rote kjøt når dei døyr.
  • Creeperar («krjuparar»): Grøne, ljodlause skræmsl som snik seg inn på leikaren og sprengjer. Detta gjer det vandt å drepa deim. Namnet kjem av engelsk der det beint fram tyder krjupar eller smjugar. Dei slepp krut når dei døyr.
  • Beingrinder: Beingrinder som skyt leikaren med pil og boge. Dei slepp bein når dei døyr, men kan òg sleppa ein boge.
  • Kongurvåvor: Store og snøgge kongurvåvor som kan kliva på vegger. Dei slepp tråd.

Vìnsame kvìkende

Desse freistar ikkje å skada leikaren.

  • Naut: Mylkte med bytta. Slepp lêr og uksekjøt når dei døyr. Lêret kann ein laga herbunad av som ein kan lìta med ymse lìtemne.
  • Sauder: Klypte med soks for ull. Slepp ull og saudekjøt når dei døyr. Ulli kann ein laga senger og målarstykke av.
  • Svin: Slåtra for kjøt.
  • Hønor: Slåtra for kjøt og fjører, men legg òg egg.
  • Kattar: Funne i bygder. Fylgjer leikaren som tem dei.
  • Hundar: Tamde ulvar. Fylgjer leikaren som tem dei.
  • Bygdarfolk: Funne i bygder. Leikaren kann byta med desse, oftast med smaragdar.
  • Hjasar: Vert slåtra for kjøt, skinn og hjaselabbar.
Remove ads

Kjeldor

Bakgrunnsemne

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads