Dauding

From Wikipedia, the free encyclopedia

Dauding
Remove ads

Dauding kan visa til eit menneske som er dødt, eller i folketru og kultur til daude menneske som på ulike måtar går att, som gjenferd, deildegastar eller zombiar.[1] Omgrepet kan visa til den daude kroppen eller leivningane til eit menneske, eller den meir abstrakte ideen om ånda eller sjela til den daude.

Thumb
Ein riddar får hjelp frå takknemleg daude etter å ha bedd for dei. Måleri frå 1691.)
Thumb
Requiescat (1888) av Briton Rivière.

Ulike kulturar har hatt ulike tradisjonar knytte til dei daude. I nokre jødiske, kristne og muslimske tradisjonar blir det sagt at dei døde skal oppstå ved dommedag for å bli dømde.[2] I europeisk mellomalder fanst det ein skikk med å framstilla ein dødsdans (fransk danse macabre), der både levande og døde tok del. Dei døde er ofte framstilte som beingrinder.[3]

I folketradisjonen finst det døme på at ein får hjelp frå dei daude, til dømes i det norske eventyret «Følgesvennen».[4]

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads