Hochfernerspitze

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hochfernerspitzemap
Remove ads

Hochfernerspitze er ein 3 463 meter over havet høg fjelltopp i Zillertalalpane, i provinsen Bolzano i Italia. Fjelltoppen er den fjerde høgste i Zillertalalpane. Landegrensa mellom Austerrike og Italia går 500 meter nordaust for toppen langs ei lågare egg.

Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Hochfernerspitze er, saman med Hochfeiler, den høgste toppen i Zillertalalpane, i søraust, og Hintere Weißspitze i sørvest, del i eit veldig fjellmassiv. Nordvestsida av fjellet, som er opptil 70° bratt, er eit mektig syn med sine hengebrear. Opp nordveggen går ein av dei klassiske klatreturane på is.

Filosofiprofessoren og fjellmannen Rudolf Seyerlen frå Jena vart fyrst på Hochfernerspitze då han 8. august 1878 klatra til topps i lag med fjellførarane Stephan Kirchler og Hans Stabeler frå landsbyen Sand in Taufers.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads