Hoddesdon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hoddesdon er ein by i Lea Valley i Hertfordshire i England.
Byen oppstod rundt ein skysstasjon på vegen mellom Cambridge og London. På 1700-talet kunne meir enn 35 vogner stoppe i byen kvar dag.
I 1683 var Hoddesdon sentrum for Rye House-komplottet, ein plan om å myrde Karl II av England og bror hans hertugen av York.
På midten av 1900-talet opplevde byen ein oppgangsperiode på grunn av store grustak i området. Dette tok slutt alt i 1970-åra, då det ikkje var meir å hente ut. Dei kunstige sjøane som har oppstått i grustaka er tekne i bruk som lokale fritidstilbod. Byen har noko lett industri, men er først og fremst ein pendlarby for London.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hoddesdon» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

